Vesterland Feriepark

Innandørs leikepark for barna på Vesterland Feriepark. Foto: Vesterland Feriepark.

Få minutter køyring frå Sogndal Fjordpanorama ligg Vesterland Feriepark. Her finn ein både leikeland, badebasseng, golfsimulator og flotte turstiar.

Innandørs leikeland med spennande utfordringar

Leikelandet i Vesterland består av heile 1550 kvadratmeter og er ein fantastisk innandørs leikeplass for dei små.

Her kan barna prøve seg på både alt frå rutsjebaner, tunnellar og labyrintar, til hoppeslott, leikebilar og klatrevegg.

Symjehall med eige barnebasseng

For dei som er glade i vatn, er symjehallen på Vesterland eit godt alternativ.

I tillegg til hovudbassenget har dei eige barnebasseng. Med rutsjebaner ut i vatnet ligg alt til rette for mykje leik og moro!

Andre aktivitetar

Forutanom leikelandet og symjehallen, kan Vesterland tilby mange andre aktivitetar. Golfsimulator, squashbane og treningsstudio er mellom tilboda du kan nytte deg av.

Ikkje minst er det flott turterreng i området, med godt nettverk av stiar rett i nærleiken.

Gasta Design